Translate to English bersetzen auf Deutsch Oversett til Norsk Overst til dansk

   Velkomen til Fjellstrand
Leilegheitene i Fjellstrand ligg heilt nede ved fjorden i vakre Kjølsdalen.

Bere i båt kjem du nærare fjorden enn leilegheitene og med kvar av dei følgjer det ein 17-fots plastbåt, med 25 hk og alt utstyr som høyrer med. Frå vår 85 m2 store takterrasse kan du nyte soloppgang og solnedgang i panorama over heile fjorden. Parkeringsplass følgjer med og ligg rett ved bygget. Om ein vil fiske kan ein gjere det frå land eller fare ut med båtane som ligg ved flytebryggja.

Attraksjonar
Det finnast mange attraksjonar i Nordfjord. Her er nokre, og du kan finne fleire på nordfjord.no. Det finnast òg turistinformasjon i Nordfjordeid sentrum (20km).

Selje Kloster: Legenda om St. Sunniva. Det går daglege båtturar til øya Selja, med guide. Kannesteinen, er ein tre meter høg kanneforma stein som viser dei enorme naturkreftene til Nordfjord-kysten. Vestkapp, med utsikt over Stadhavet og Sunnmørsalpene. Vestkapphuset med servering av mat og drikke. Sommarshopping på Nordfjordeid, med boder og aktivitetar for store og små. Kråkenes fyr på Raudeberg.

Aktivitetar
Nærmiljøet til Fjellstrand har fullt av aktivitetar. Vi har listet opp nokre, fleire kan du finne på nordfjord.no.

Fiske: Eidselva med laks (fiskekort må kjøpast) Dagsturer: Briksdalsbreen, Geiranger, Stryn sommarskisenter, Jugendbyen Ålesund, Jostedalen bresenter, Fuglefjellet på Runde. Bading: Seljesanden i Selje sentrum. Refviksanden på Vågsvåg. Erviksanden på Stad, der det òg er moglegheiter for surfing.

Båtane
Vi har to 17-fots Øien 530F plastbåtar med rattstyrte firetakts Suzuki påhengsmotorar på 25 HK.

Båtene har god plass og er utstyrt med ekkolodd. Dei er festa til flytebrygge framanfor huset, slik at det ikkje skal vere noko hindring for spontane fisketurar. Fleire båtar kan leigast.

Fiske
Fiskar ein frå land, får ein ofte lyr. Med 5-10 minutt i båt finn ein gode stader for sei-, hyse-, lange- og brosmefiske. I Davik er det bra for flatfisk. Om sommaren er det myke makrell med god storleik i fjorden. Sidan leilegheitene ligg nært eit elveutløp, ser ein regelmessig hoppande laks. Huset har to sløyebenkar, ein ute med fjorden og ein i kjellaren. I kjellaren er der ein stor frysar til kvar leilegheit (397/503 liter) der ein kan fryse fangsten, samt massevis av plass til å lagre fiskereiskap.